Lobbestrikk og te på ein tirsdagettermiddag på kjøkkenet:). Jillt med litt kreative sysler rundt kjøkkenbordet. Fyrst vart det litt strikk før eg fann fram symaskina. Slumreteppet eg held på er så stort at eg må ha det på kjøkkenbordet mens eg quiltar det.
Fårelest. Den blå tråd sitt mønster på dei lobbane eg held på med...... iallefall det eine paret eg held på å strikke. Eg trur faktisk at eg har to andre lobbepar strikk på gang i tillegg. Viktig å ikkje bli arbeidsledig........
Stemorsplantane trivst forsatt i vinduskarmen på kjøkkenet.
Dette var ikkje enkelt, men det byrjar å ta form. Litt uhamsleg å quilte eit teppe på 2 x 2 meter. Blomsterquilting....... er på jakt etter sommarstemningen:)
Takk for alle kommentarer eg får. Det varmar og vert sett stor pris på.
Forsatt ha ei kreativ veke.
I morgon skal eg på overlockkurs. Gleder meg til det.
Klem
Lilla dør