Drivved i frå fjæra har eg alltid samla på. Eg hadde ein stubbe som eg har samla på i lang tid, eg trur faktisk den var så gamal at eg fekk den av pappa ein gong.
No fekk eg føre meg at eg kunne lage den om til to små hus til å ha i vindaugskarmen eller til pynt på bordet.
Gubben er ikkje vanskeleg å be .... snart hadde eg to fine trehus.
Laga meg eit haustleg miljø på stovebordet
Keramikkhjerte frå Hellas
Litt blomar frå hagen
Corokia er namnet på planten.
Ver og vind har laga fantastisk fint mønster i treverket i husa
Ha fin nye arbeidsveke
Klem
Lilla dør