Nå har eg montert det strikka trekket på puffen. Ca 400 gram finull gjekk med. Strikka på maskin i norskmønster. Eg valde å bruke ulike grånyanser for få litt meir liv i mønsteret. Er litt usikker no om det var den beste løysninga. Men er nesten heilt fornøgd:). Eg kan jo strikk nytt seinare i nytt mønster og farge. Kanskje eit lilla som matcher døra mi:)

Eg tok puffen med ut på terrassen for sjå fargane i det lille dagslyset som var. Som dokke ser vart fargen mykje klarare. Det er nok den reele fargen.
Kjekt å hente inn blomar frå hagen forsatt. Nyplukka blomster til frukostbordet i slutten av november er ikkje så verst. Klematis og ein lilla spansk magaritt blomst:)
Goe søndagskveld!
Klem Lilla dør