Igår laga eg meg eit juletre på trappa, skjeivt og godt- Tre med sjarm:)
Sokkelen er støyp i eit spann og stammen er av armeringsjern . Eg byrja å surre nedanfrå og oppover med streng. Grønt trekapp har eg fått hjå Voll Juletregard :) Tusen TAKK! Eg fekk plukke av kappet deira då eg kjøpte juletre der i helga. Ein heil svart sekk med avkapp gjekk med til treet mitt.
No er det berre snøen som manglar. Det går ikkje mange dager før eg saknar julestemningen den gir. Lever i håpet at vi får litt snø til jul! Men me treng ikkje 50 til 100 centimeter som vi fekk i sist veke og som no er regna vekk:(. Slik såg det ut for ei lita veke sidan den 13.12.
Ha ei fin førjulstid!
Klem
Lilla dør