Eg lova visst bilde når teppene var på plass på hytta :)
"Skjorteteppe" mitt er vel på plass. Eg synest det passa perfekt der. Mot dei kvitmalte panelveggane kom teppe til sin rett.
Dongriputene frå Ikea og putetrekk med stjerne vart prikken over i en :)
Londonteppet glei inn det og.
Eg som ikkje har vert særleg blå har plutseleg fått ei delvis blå hytte :), noko eg er veldig fornøyd med.
Eg lyt vist sy teppe til dei siste soveromma og ........ drømmen er vel ha eit slikt skap med tepper:
Ha nokre fine maidager. God måned med mange fridager og det er aldri feil.
Klem
Lilla dør