Jille kveld på Bryne med tur innom den nye butikken Quilt og Sånt. Dei hadde lukka kveld for medlemmer i Jæren Quiltelag. Spennande med ny Quiltebutikk!!!
Eg falt for desse sommarstoffa frå Moda. Hjelp lageret mitt veks:)
På venninetur høyrer det med kafe besøk. Både sjokoladen og cappuchinoen smakt fantastisk..... attåt goé drøs. Takk for jille kveld:)
Me held på å male og pusse opp eit rom. Fargar påvirker meg. Då eg kom heim viste det seg at fuglestoffet var i akkurat same farge som kommoden junioren held på å male for meg. Jiiiipi..... det blir spennande å sy av og lage litt tekstil tilbehør til det nyoppusa rommmet. Heilt perfekt vart det spør du meg:) Sart og sommarleg.
Goé helg til deg som såg innom.
Klem Lilla dør