Quantcast
Channel: Lilla dør
Viewing all 1299 articles
Browse latest View live

Herr og fru reinsdyr

$
0
0


I dokkeklubben no i november byrja vi på dette prosjektet, to søte små reinsdyr. Herr og fru:)) Eg sydde dei størrelsen 18 cm. Veldig kjekke å sy.
)


Her mangler dei bare litt klær.....det kom etterkvart det og. Dei treivst godt i stuegrana mi medan dei ventar på å flytte ut på terrassen på nissehuset som ikke er heilt klart ennå.




Dei har grunn flytta inn på terrassen på nissehuset etterkvart..... her er dei på kaffi besøk..... kanskje er det komité møte før julerøsjet :)))




Klem
Lilla dør

Dei fyrste strikkeprosjekt i 2022

$
0
0



Då eg var i New York i 2012 kjøpte eg mellom anna denne strikkepakken hjå The Yarn Company.  Men no er den ferdig .... endå ein ufo klar. No har gubben fått den. Garnet er i merino, lett og behagelig.


Vart bilstrikk i romjula på vei til verdasjillaste hytte.


The New  York lue :) 



Det vart to luer ...... den andre strikka eg av ullgarn får ullrommet, garnet Suffolk


Endå ein ufo, iallefall garn fra garnlageret. Kjøpte dette garnet hjå Ullrommet, ho har spunne garnet. Garnet Suffolk 2-tråds ullgarn. Eit kvalitetsgarn av ull fra sauer som bur på Finnøy . Suffolk 100gr/140m. Håndvask 30 grader. Strikka på pinner nr 5,5. La opp 64 masker.





Var igjen ein liten rest som vart eit slumreteppe til nissehuset:))). Alltid jillt å bruke garnrestane. Har vert i "nissemodus" i det siste .....


 Klem
Lilla dør

Nissehus del 2

$
0
0


Noko på gang...liker det. Eg trong hjelp av gubben.


Gubben laga ein ny etasje til nissehuset. Hadde for mange nisser og idear så det gamle huset var for lite :)))




Fekk til og med "utedo" med to seter


Laga meg nokre små dorull på ca 2 cm av tørkerull og sugerør.


På terrassen på nissehuset er det stemning med julelys og stemning.


Badenissen har fått plass i stampen.....


Kjøkkenet byrjar ta form med kjøkkenbenk laga av gubben. Eg sydde forheng på den.  Kjem nok meir etter kvart......


Holder fortsatt på med litt beising og hyller. Kjem eit nytt innlegg om nokre dager. Sjølv om det er blitt januar blir det litt nissehus her ennå. Har planer om å pakke det vekk når eg fått det meste på plass...alt tar tid men jillt.  


 Klem
Lilla dør/nissemor

Marimekko brikker

$
0
0


Eg quilta dei med striper, ca 1,5 mellom kvar stripe. Brukte sømrom og symaskinfoten som merke. Liker godt å quilte kuvertbrikkene slik. Blir stødige treng i grunnen ikkje stryke dei etter vask. Vasker dei på 60 grader. Dei eg har har holdt seg veldig godt.
 

Eg hadde litt rester av desse to marimekko stoffa etter eg for nokre år sidan sydde puter og duk av dei.



Passa perfekt attåt dei røde Ittala-krusa,
Brikkene passar vel best til hausten og i jula. Eg starta på desse før jul, men vart ikkje ferdig før no i veka. Hadde håndsømmen igjen.



Tenke dei kan brukast om ein annan. Har to av dei blomstrete og tre med hus på.






Ligge klar til bruk.... 


 Klem
Lilla dør

Haraldstrøya

$
0
0





I romjula la eg opp denne genseren til det minste barnbarn mitt. Planen var strikk den i 1 til 2 år men det vart vist ein størrelse større og godt er det tenke eg, han vekst fort i det.
.

Strikka ovenfra og ned.


Strikka på pinner nr. 3, brukte totalt 120 gr. Garnet er type merinoull. Nytt garn for meg, håper det holder i bruk. Mønster og design er Petitknit sitt.


Ferdig og klar til bruk, måtte ha eit merke på den.



 


Klem
Bestemor 

Nissehus del 3

$
0
0


Fekk god hjelp til trearbeider. Tusen takk !!! 


Panelt/lagt tak. Litt usikker på kva farge eg skal ha på det...kjem vel etter kvart. Kanskje ein grålig farge.



Har panelt ytterveggene på den øvre delen for å få eit meir heilhet av huset. Trur det fungerte godt.








Litt musikk er alltid jillt ....


Byrja ta form no. Har vor eit kjekt prosjekt i haust og no i januar. Vi i dokkeklubben har vel laga/innreda kvart vårt hus.  Det eg har igjen no er litt beis og lage ferdig dei nissane eg starta på ein halv mannsalder sidan. Aldri vert så nære som no. Har samla ting og tang sidan då. Har vel alltid vert huga på dokker og dokke hus. No får eg god hjelp av mine barnebarn, dei kosar seg når dei får leike der. Det gleder eit bestemor hjerte.


Doen har fått en grå beis








Frå terrassen


Tar snarveien opp på terrassen.
 

Klem
Lilla dør



A place for everything 2.0 By Annie.com

$
0
0


Me sydd oss syveske med mange rom til ting og tang . Me starta på dette prosjekt på ein hyttetur i haust. 


I grunnen eit stort prosjekt og til tider "tungt"å sy. Men no er den ferdig og eg er kjempefornøyd med den. Sydd den i litt fargerike stoffer, ein del Kaffe Fasset stoff mellom anna. Brukte vinyl eller mesh fabric til lommene, kombinert med glidelås og gummistrikk. ( se bilder)




8 sider med lommer i veska som kan takast ut, dei er er festa i botnen med stropper. I tillegg er det lommer i sidene i veska så den rommer mykje. Eg skal bruke den til ha syutstyr for håndsøm,  stichery og broderi. Greit ta med på klubb, hytter etc. Alt på ein plass.....kanskje. Nett no har eg fylt den opp med utstyr og påbegynte arbeid. Måtte sy nokre ekstra prosjektposar ( se eget innlegg her på Bloggen om nokre dager)






Vinyllommer med glidelås


 Klem
Lilla dør

Ekstra prosjektmapper

$
0
0


Eg sydde fire ekstra prosjektmapper i vinylplast med glidelås til å ha ulike broderi etc i. Har planer om å oppbevare dei i syveska. Enkelt og ryddig å ta med. Slik blir det med mange lyster og prosjekter. Men eg har god plass i veska ennå......trur eg. Starta faktisk med nytt stichery/appliksjon i dokkeklubben no rundt juletider . Skandinavian Christmas av Lynette Anderson.
 

Plass til mønster, tråd og stoffet ein broderer på. 












Eg blir iallfall ikkje arbeidsledig....mykje jillt å halda på med. Tillegg alt strikket mitt.  Det er så mykje eg har lyst til..... eg kjeder meg iallfall ikke.  Eg er i grunnen heldig. .... 


Klem

Lilla dør


 


Sy stue i nissehuset

$
0
0


Fann denne symaskin i helga...eg hadde litt rydding og  leiting på syrommet. Eg trudde eg skulle ha ei symaskin og det stemte, kanskje litt mindre enn eg hadde trudd. Planen er å lage systove i nissehuset... .
Aller helst burde eg ha pakka vekk heile huset og tatt det fram igjen seinhaustes..... litt usikker på kor eg skal gjere av det.  Ennå står det i stova og der kan det ikke stå:)))
.

Eit godt utgangspunkt. Planen er å  få opp hyller og litt miljø med klær og diverse sy utstyr etc. På plass i god tid til "neste sesong".


 

Klem
Lilla dør

Litt svartmaling.....

$
0
0



Har malt armlenene på denne gamle stolen fra barndomsheimen min. Pappa har sin tid trekt den i dette stoffet, for minst 35 år sidan. Det passa perfekt til Designers Guild-trekket på sofaen min. Har malt armlenene i matt svart farge. 
.

Her monterast armlenene på plass igjen


Det går mykje i dei samme fargen men ulike mønster....... då :))


 Klem
Lilla dør

Erles kosegenser

$
0
0




Ferdig !!!
 Starta på dette prosjektet i sommar.  Slik går det nå ein har masse prosjekt på gang, alt tar tid. Gler meg til å bruke den. Mjuk, lun og god. litt vid modell, men men 



Eg starta og hadde dette som strikk/båtstrikk i sommer........






Detaljfra armlinningen


Strikka den i to rette og to vrange. strikka nedenfra og opp. På pinner nummer 3, 3,5. brukte ca 300 gram garn.



Veldig fornøgd med fargen, nesten som å se sanden på stranda :))) 



 

Klem
Lilla dør

And på hjul

$
0
0




Veldig kjekk og lett å sy... blir truleg fleire av dei .......har nokre planer. Den er ca 12 x 14 cm .


"Efi little things" enn mønsteret eg har brukt med litt forandring, mellom anna valgte eg ikkje å ha vinger. Har sydd det fra stofflageret /restekorga I retro stoffer. Til hjul har eg brukt trehjul med trepinne mellom. Dei er i like størrelse sjølv om det ikke ser slik ut på bildet:))). Hjula er ca 3,5cm i diameter. Hjula er litt ulike i farge men det reknar eg med jamnar seg. Desse er og  funne i restkassen på syrommet ......utruleg kva som finst der. 
.

Tenker den havna i "dokkehuset" mitt....saman smådokkene og musene.  


 Klem
Lilla dør

Flodhest i lin X 2

$
0
0



Eli little things hadde dette koselige mønsteret. Eg fall pladask for det. Eg sydde begge variantane av flodhesten. Likte nok best den der beina var festa med knappar.
 

To gode kompiser



Øyrene og fotsålen har sydd i mønstra stoff og resten i mørk grå lin. 



To ulike varianter




Måtte jo ha klede ... her t skjorte i jersey og lin shorts 


Heil dress i jersey med lukking på den eine skulderen



 Klar for nye eventyr ......

Klem
Lilla dør

Silke og merinoull garn fra Ullrommet

$
0
0


Sjå det fantastiske ullgarnet eg fekk fra Ullrommet i går.  Heilt fantastisk og  eg lurer litt på kva fint eg skal lage av det. Sjal??  Tar gjerne mot ideer.


Dette er 25% silke resten merinoull. Ca 150 gram. 


Dette er litt mindre silke ca 15% resten norsk ull. Ca 120 gram.


Akkurat no er det pynt på stovebordet og der blir det nok liggande til inspirasjon. Nett no har det selskap av ein fantastisk fin bukett fra gubben. Heldige meg, både garn og blomster......
 

Farge inspirasjon.

Klem
Lilla dør

Tulipaner og vårgleder

$
0
0




Se dei fantastisk fine vårfargane ..... gler meg til vår, bruke meir farga ........ enten det gjelder strikketøyet eller /og  på syrommet
t

 Ei av mange mugruger....kjekt med fargar og marimekko


Klem
Lilla dør


Osakasjal

$
0
0


Se dette fantastisk fine sjalet som eg no har fått ferdig. Takka dere ei god venninne som tilbaud seg å strikke det på maskin for meg......eller var det eg som spurte?:)))


Ito silkegarn. Fekk denne strikke-kiten som gåve for ei tid tilbake.






Her starta eg med håndstrikk for ca to år siden vart liggande i ufo korga men er no ferdig. Som sagt strikka på strikkemaskin. Denne spede start klarte eg å rekke opp igjen.



Nydelig fargar



Klar til bruk......gler meg. Blir nok ein favorit




 Tusen takk for garn og strikkehjelp!!!!

Klem
Lilla dør

Zipper sweater

$
0
0


Ego strikk. Strikka den i ein fin lillafarge fra garnlageret mitt. Truleg utgått farge. Saman med den brukte eg ein tråd  Plum super kid mohair (raumagarn). Perfekt match.
 Det har tatt si tid dette prosjektet men no er eg i mål. Mykje arbeid. Mykje vridd rett (seint å strikke) og montering av glidelås. 



Blir nok ein perfekt friluftsgenser . Gler meg til å teste den ut...... snart vinterferie.


Petiteknit sitt strikkedesign. Gode mønster å strikke etter. 
Eg brukte ca 800 gram garn totalt. 


 



Klem Lilla dør

Korona kyllinger :))

$
0
0


Eg hadde tidligere sett nokre mugruger på Instagram alla desse i gule og kvite stoff.... Fekk lyst å sy meg nokre mugruger no til våren/påska. Eg tegna mønstet sjølv, fann ut at eg ville ha dei litt fargerike. Treng noko fargar no i desse koronatider og krig i Europa. ( nesten nifst bare å skrive ordet krig)



Måtte jo teste dei ut med litt lørdagssnop og kaffi:)



Eg likte i grunn denne pjuskete Kaffe Fasett  stoff høna best :)
Eg applikerte på auge og nebb ellers vart det ikkje så mykje quilting.



Ein frisk og ville gjeng :)))


 Baksida ....er og ei side.


Klem
Lilla dør

Gløymde strikkekorga

$
0
0


Denne stod igjen heime då eg drog på vinterferie, sjølvsagt hadde eg bilstrikke pluss pluss.Her  er garnet til å gjere ferdig novicegenserten til barnebarn i bris. Andre påbegynte arbeid men  det springe vel ikke i fra meg..... det venter nok på meg :)))))


Strikka så langt eg kom på bilturen


Bilstrikk nr2.  Maj genseren til Rimmen design.


Innom husfliden i Bergen ...starta på påskestrikk eller påskesnop. kanskje kjem det i påskeegga.


Innom Hillesvåg og men der vart det lite handel (godt var det). Eg hadde med meg ein del stoff i  ulike kvaliteter, så får sjå kva eg for gjort. Viktigast er kanskje at eg har muligheter. 

 

Eg synet det kjekt å samle garn/stoff posane i korger eller slik som i dette trauet. Det gir inspirasjon bare å sjå på fargane og dei ulike kvalitetane....gleder meg til å bruke det. Og så er det jo fin pynt.

Keem
Lilla dør

Bok nr 13 til Lilla dør

$
0
0


Eg starta å blogge i slutten av 2010. pr idag har eg totalt 670080 sidevisninger.  Har samla blogginnlegga årleg i ei bok, eit år vart det to bøker på grunn av mengden. Veldig kjekt å sjå tilbake i og ha å bla i ......
.



Vore heldig å få samme layout på dei..... bestiller dei frå USA.


 Klem 
Lilla dør

Viewing all 1299 articles
Browse latest View live