Quantcast
Channel: Lilla dør
Viewing all 1299 articles
Browse latest View live

Roser, jordbær og pakkar

$
0
0

Mitt fantastiske rosetre blomster igjen....... eg fekk dette treet for ca 20 år sidan av min far. Eg trur eg må seie det er tusenvis av roser på det. Det luktar godt og er iallefall 6  - 8 meter høgt/langt. Over naboen sin garasje:) 


 Eit syn spør du meg:)


 I slutten av juni er det to i familien som fyller år og då blir det masse presanger og jordbærkake.





nam nam


jordbærduken min


 Hageblomar


 Jordbærkake = fantastisk godt


Verdensbeste brownies (Ragnhilds spesial) med bringebær og jordbær.
Takk for alle kommentarar i dei siste blogginnlegga, det varmar.
Fortsatt goé sommar!

Klem Lilla dør

Kom over ein fantastisk fin og fargerik strikkebutikk i Skagen

$
0
0

 Christel Seyfarth Art Knits. 


 Mykje fint å sjå og bli inspirert av. 



 Ferdige strikkekits til å starte med eit kunstverk eller to. Her var små prosjekt og store :)
Sjå dei fargane.


 Fargane var jo til gå amok av. Her vittar dei opp etter det du ynskjer.  Eg kunne jo ha tenkte meg litt av kvar farge av den fine lammeulla:) Klarte begrense meg.


Det var mange flotte modellar i butikken. Er du strikkeinterresert og er på dei kantar, må du ta turen innom.
Du finn litt av hennar strikk og teknikk i boka "Fanøstrik - slip farvene løs".
Eg tar gjerne turen innom butikken igjen.

Forsatt goé ferie.
 Litt fleire godbiter frå Skagen kjem etterkvart.

Klem

Skagen

$
0
0

 Fyrste helga i ferien var me innom Skagen. Fantatisk flott start på ferien.  Fekk med oss mellom anna Tuxen utstillinga i Skagen-museumet. Den var knallbra.


Frå  Tuxen si utstillingsbok


Og så hadde dei jo litt anna og:)

Strikkebutikk se her


 Dette rosetret minna meg om mitt tre, må nok finne ut meir om det:)

  Se mitt tre her

Skagen museum har ein fantatisk flott hage. Brukte litt tid der. Dei hadde kaffi og :)



 Krøyer sitt atelier ligge der... kjent Skagen maler. 
Legg merke til Pelagonia samlinga.)






 Fekk lånt oss syklar og fekk sykle litt rundt. Ut til Grenen og retur. Deretter bort til Gamle Skagen.


Det sjøane møtast
Grenen





 Smakte godt



Måtte prøve Skagenosten og, på nokre gode rugknekkebrød.
Alltid kjekt prøve litt lokalmat. Noko er så godt at ein må snope med seg heim:)

Dette og andre innlegg hadde eg planer poste underveis i ferien,  men vi har hatt så dårleg nett.
 Eg får sjå om eg legg ut nokre no når eg er tilbake .

Forsatt god sommar!

Klem Lilla dør

Støyping i sjøkanten

$
0
0

 Fuglebadet mitt, nett fått tatt det av "forma".
 Reknar med at resten av rabarbrabladet forsvinn etterkvart.


 Urna av støyp og gamle filler.


 Litt utstyr trengs vist ein ikkje velger å blande sementen heilt for hånd:)


 Laga forma i sanden




La sement opp på bladet:)


Eg forma urna av fille dyppa i sement



Dette var jillt
Tusen takk til svigerinna mi i Florø som var lærermesteren. Kjempeartig, må nok prøve igjen.
Eg har ennå produkta mine i Florø. Dei var ikkje tørka då eg reiste. Men dei kjem snart.

Forsatt goé sommar
Klem 
Lilla dør

Ferieminner som bordpynt på terrassen:)

$
0
0


 Ferieminner. turkis farrisflasker frå Lübek, steiner og skjell frå Skagen og Vika.  Fluktstoler og sommerblomster, ferie, sol og sommer.  Dette pynter bordet mitt på kjøkkenterassen. Og når ein då kan sitte om kvelden i t-skjorte og nyte det forsatt .......feriefølse og glede. 



 Skjell frå mitt sommerparadis i Vika.


 Ha ein fin kveld vidare




Klem 
Lilla dør

Acnegenseren

$
0
0

 Før ferien starta eg på ulike strikkeprosjekt som var utmerka bilstrikk. Jillt når mykje av prosjekta vart ferdig:) Me kjørte mykje bil i starten av ferien og då vart det mykje strikking.

 På pinner nr 6 og i liten størrelse gjekk dette unna:). Strikka den i Suri i lys rosa og linfarge. Litt uvante fargar men veldig fine og søte spør du meg.





 Mønsteret til genseren finne ein gratis på nettet.



 Sommarleg 


Klem
Lilla dør

Solbær

$
0
0

Solbær nyplukka klar til rensing
sommer 


 Ferdig rensa klar til sylting



 Kom over denne boka då eg besøkte Skafferiet på Hovinsholm på Hedmarken. Fantastisk fin og inspirerande bok om solbær. Kan anbefalast.


 Kjøpte med meg to flasker med ferdiglaga saft frå Mølstad Gård på Hedmarken.
Så me må teste ut ein del oppskrifter........
mellomanna lage solbærlemomade med lime:)
Eg har kun eit solbærtre så det blir ikkje nok til saftproduksjon av solbær hjå oss.


 Solbærsyltaoppskrifta er frå boka


 Rugknekkebrød med brie og solbærsyltetøy i kveldssola på terrassen


Jillt å kunne plukke eigne bær 

Klem Lilla dør

Hagebær

$
0
0


 Denne veka har det vore safting og sylting dei fleste kveldane:). Fyrst var me så heldige og fekk eit brett med ferdig plukka og rensa bringebær.  


 Junioren har plukka fleire bøtter med rips til meg. Tusen takk, det har gitt mykje goé saft. Det meste har eg laga råsaft av og lagt i frysen.


 Eg laga ei koke med saft og.



Råsaft i flaske  med sugerør smakar godt i varmen 



Nytt av året er at eg rørt litt ripsbær til syltetøy. Knallgodt og verkelig smak av sommar.

1 kg rips og ca 400 gram sukker pluss evnt litt Jam frysepulver.
 Gav fyldig og goe sylte. Fraus det i passe beger til å ta opp til frokost eller til nylaga vaflar. 

Klem
lilla dør

"Flensburghals"

$
0
0

 Sjølv om eg hadde med meg mykje garn på ferien måtte eg jo kjøpe litt:). Dette garnet kom eg over i Tyskland i Flensburg. Eg vart i grunnen veldig imponert over alle dei flotte garnbutikkane dei hadde i Tyskland. Eg kjem gjerne tilbake til det. 


 Strikka på pinner nr 8 la opp 70 masker.  Ein rett og ein vrang. Brukte to nøster med garn.


 Lanagrossa eit tysk garn med mykje fin ullkvaliteter og farger.  Se bare på dette........sjå den fine fargemixen!


 Dette vart båtstrikk:).
 Eg var så heldig og fekk fleire jille båtturar. Mellom anna ut i øyane i Florø. Fint ver og lite sjø = strikk.


Alltid klart


her på havcruise

Dette må jo være det ein kallar Kari fargar


 Ferdig og klar til bruk, når hausten og vinteren kjem.


Klem
Lilla dør

Litt meir støyping

$
0
0
Etter at eg la ut dette bildet  på Instragram, har eg fått tilbakemelding at dei ikkje finn blogginnlegg om støypinga av fuglebadet og urna:) Ein finn det i juli blogginnlegga :)

På Instragram finn du lilladør under namnet karialise


Eg er veldig fornøyd. Fin form og farge.




Blir og brukt til "blomsterbad" på terrassebordet





Urna eg støypte har eg putta litt røsslyng i :)


Ha fin augustkveld videre.
 Eg har fått sendt frå meg materiallista til Vestlandstreffkurset eg skal ha i Florø i oktober. Gleder meg. 

Etter at den første hauststormen har herja på Jæren i helga har vert rydda litt i plantene på terrassen. Men eg håper eg forsatt kan ha mange kvelder og ettermiddager der. I kveld er det nok best inne.

Klem
Lilla dør

Flyttebyrået har hatt oppdrag igjen:)

$
0
0

 Ei av prinsessene mine er blitt student i Oslo. Og me var så heldige å få køyre ho. Takk for fin Oslotur:) 


 Mykje tid til strikking med ca 16 timer i bilen på ei helg:). 


 Oblatorisk er ein tur innom Ikea:) når ein er på flyttefot





 
Aker Brygge
Lunsj 


 Endå meir strikk på gang:)


 Eigen knust hadde ho og med på flyttelasset. Utsikten frå kjøkkenterrassen vår :)



 Gamle stolen frå mormor som morfaren har trekt om for mange år sidan.
 Har fått hederplass i leiligheten.


 Primulateppet som bestemor har hekla er plass i sofaen.


 Like om hjørnet i samme kvartal er det ein kaffibar. Kan det bli bedre:) 


Tid til drøs, kaffi og strikk er viktig!

klem
stolt mamma

Omsøm

$
0
0

Dette blåklokkestoffet er dei fyrste kjøkkengardinene eg og gubben hadde. Nesten nostalisk.
 No er dei blitt putetrekk til ei store pute. Det blei med på eit flytte lass.


Stoffet heiter småklokke design Nora


Det passa godt saman med det blåstripete sengesettet.


Jillt med omsøm.
Slik at stoffet kom til heder og ære att etter å ha lege lagra på syrommet i 20 - 30 år:))

Klem
Lilla dør


Ein smakebit fra tyske strikkebutikker

$
0
0


Eg var litt innom Nord-Tyskland i sommar på biltur. Bare i Flensburg låg strikkebutikane tett:). Og mykje fint garn til stor fristelse.


 Mykje spennande garn i fine kvalitetar.





 Her kjøpte eg meg garn til denne halsen mellom anna.


I Kiel fann eg denne butikken. 


 Sjå alle dei fine sokkane



 Sjå dei fargane


Kjøpte garn og starta på dette prosjektet ....... kjem meir etter kvart
Blir aldri arbeidsledig.
Eg fann ut at eg hadde vore innom nok garnbutikker for denne gang:) men Tyskland har verkelig fått augene opp for strikking dei og.
Klem 
Lilla dør

"Ruths tour" koppar

$
0
0


Me hadde ein familietur i sommar i anledning eit jubileum i familien. Der fekk me kvar vår kopp. Praktisk og greit for ein kaffidrikkande gjeng og eit jillt minne. Kaffikoppane var klare enten det var frokost på ferja, rast eller picknick med kake underveis.
Dei var både kule og fine:) spør du meg.

 Design og handmade dekor av mi kjære svigerdatter Ingri.


 Det er i utgangspunktet ein Ikea-kopp som er tegna på og steikt i ovnen. Slik at han no tåler bruk og vask.




 Ikkje fritt for at dei vekte oppmerksomhet på turen .....desse koppane. Me fekk goé service på cruiceferja til Lysebotn. Nesten så me angra at me ikkje hadde laga nokre ekstra til utdeling.


Motivet er begge bilane våre som me brukte på turen. BMWen og Touranen.  

Klem
Lilla dør

Sengeteppe/slumreteppe/studentteppe

$
0
0

Då eg var i New York for to år sidan kjøpte er 2,5 meter av dette Marimekko stoffet. Planen var klar.... men det tok ei tid før det vart ferdig. Men no har ein av studentane fått det med seg på hybelen sin.



 Eg valde å quilte på kryss og tvers av teppet. Det var ikke heilt enkel pga størrelsen på teppet. Eg fann ut at det var viktig og tråkle og stryke godt:))


 Valgets kvaler for farge på lukke kanten. ......... i grunnen vart valget enkelt. 


 Bakstykket vart eit stoff som eg hadde hatt liggande til modning ei stund. Passa perfekt:) I grunnen godt med litt lager på syrommet. 


 Fine fargar i teppet. Eg liker godt designet på stoffet.



 Passar perfekt på ei 90 x 200 seng


 Måtte bare sjå fargane og effekten av kveldssola på det inni mellom regnbyene idag.


Lykke til med hybel- og studenttilværelsen.

Klem
Mamma

Snart september og eg er klar for ........

$
0
0


Å tenne lys og sette seg ned med spøtet og nyte sensommerkveldane / hausten. Kvar årstid har sin sjarm visst :)



 Fekk pakke i posten her om dagen,  garnfidus.  Har lenge sett etter garnfidus men måtte tilslutt bestille det på nettet. Er veldig fornøyd med den.



Dette fantastisk fine stoffet snopa eg Grimstad sist helg. Var det ikkje fint? Har ein plan og gleder meg til meir tid på syrommet etter kvart.

Eg skal forresten ha to helgakurs i haust. Spennande. Gler meg. Har du lyst å gå på kurs med meg?
Sjå her:



Ha ei fin og kreativ veke.
Klem
Lilla dør

Puno genser/ Kjærestegenser

$
0
0

Eg har strikka genser til eldstemann. Han ønskte seg ein lett og varm genser til turbruk.  Fargen er sjøgrønnblå og minner meg om brevatn. Veldig fin spør du meg. Genseren er strikka i Punogarn som er  veldig lett. Alpakkagarnet er varmt og har i tillegg mange gode eigenskapar. Eg brukte mønsteret til Skappelgenseren/kjærestegenser, det same som eg brukte til genseren til gubben  Sjå her


Merkalappen inni genseren med "strikka av mamma" er viktig:) 



Har strikka langt bråt på armane slik at ein kan dra det fram nesten som fingervottar.





Dette har vore eit av fleire sommarstrikk i år. Perfekt bilstrikk.


No er genseren kommen til Bergen og er klar til bruk. Håper og trur mottakeren er godt fornøgd. Genseren er strikka med omtanke og glede.

Mamma klem

Tre ulike strikka halsar men etter same oppskrift

$
0
0

 Eg har strikka tre ulike halser no i sommar. Det meste har eg strikka på bilturane. Gjorde det siste ferdig sist helg. Dei er strikka i det tyskgarnet Lana grossa.


 Den øverste har eg planer om å ha sjølv, dei andre er nok til salgs viss det er interesse:) eller kanskje det blir julegåver:))




 Varme og goé til hausten og ikkje minst vinteren.


Den okergule er 100%ull med den i lillanyanser er ull og polyester.
Strikka på pinna nr 8 og eg la opp rundt 70 masker. Strikka ein rett og ein vrang.

Ha ei goé veke vidare

Klem
Lilla dør

Ut på tur må ein ha med strikk :)

$
0
0

 Me var fem damer som skulle på tur. Noen meir strikkevante enn andre. Eg fekk eg lyst å sy dei kvar sin strikkepose med bomullsgarn oppi.  Så no skal det strikkast klutar........


Eg måtte bare prøvestrikke litt...


Min pose


Klar for flytur og ventetid på flyplasser:)


Oppskrift på klutane fann eg her på Tove Fevang sin blogg


Kanskje det blir nokre resultat av klutestrikkingen som eg kan vise neste veke. 
Ut på tur aldri sur og aldri utan handarbeid.

Klem 
Lilla dør

Svak for hortensia

$
0
0



Ei glimt frå litt av Horensiabedet mitt. Der eg har spadd ned hortensiaer eg har hatt i urner eller hR fått . Må nok innrømme at eg er svak for dei fantastisk fine blomstrane og så er det utroleg mange flott varianter av dei ...... 
Bare sjå og nyt fargane


sjå fargespelet


 Denne har stått i mange år, kjem trofast att år etter år i knall blå fagre.



Sjå den nydelige lilla fargen eg fekk på ei av plantene eg planta i hagen for eit par år sidan.


Er kjekke og ta inn i vaser og dei står lenge.



Ha ei fin veke fortsatt. Det er enno tid for ein del hagegleder og godt er det. 
Klem
Lilla dør
Viewing all 1299 articles
Browse latest View live