Quantcast
Channel: Lilla dør
Viewing all 1299 articles
Browse latest View live

Moldetur

$
0
0

 Eg var så heldig og fekk være med på ein konferranse i Molde i sist veke. Molde er ein flott by og den viste seg frå ei fantastisk flott side. Stilt, klar ver og sola var innom og.


 Seilet låg fanstisk flott til nede ved sjøen. Hadde nesten følelsen og være ombord i ein båt:) når ein såg ut.

Her er frå frokostbordet og morgonkaffien. 
Fantastisk:)))))



 Var innom Husfliden i Molde der dei selde desse fine Molde-vottane. Eg kjøpte med meg oppskrifta. Så no kan det bli rosevottar istaden for selbuvottar til vinteren. Fine var dei iallefall.



Strikkeposane med klutestrikk vart ivrig brukt på reisa og i ledig stunder. 




Her er produksjonen fotografert på Flesland medan vi venta på siste flyet heim etter to lærerike og jille dager i Molde.

Klem
 Lilla dør

Praha

$
0
0

 Helgetur til Praha. Fyrste helga i september og 26 - 28 grader knallsol:) ikkje feil det. Her foran klokketårnet. Me hadde ein guida tur med mykje informasjon og fekk oss fortald historien til byen.


 Masse flotte gamle og erverdige bygninger. Eg var ikkje flink til å fotografere på denne turen. Om det var varmen eller andre ting er eg usikker på.


 Var innom ein spennande stoff og garnbutikk. Garnet var mykje alpakka, merinoull og silke som var tvinna saman i fine fargekombinasjoner.
www.marlen.cz


Eg snopa litt garn men var forsiktig........ blir nokre pulsvarmare og lue er planen. Men foreløpig ligg det til modning og pynt til inspirasjon


Fin haustpynt og modningsplass på stovebordet føreløpig.


Den lokale husflidsbutikken var ein kjekk butikk :) Eg ann nokre fine keramikkmuggar der.
Dei bare ropte på meg. Knallfine var dei.............kan det vere snakk om kupp igjen :) trur nesten det.





 Ikkje alle smaua var like store. Her var ein passasje ned mot ein restaurant ved elva. Denne var regulert med trafikklys!



 Mykje gode kafestunder var det og. Med eller utan strikk eller med eller uten kanelbollar steikt på rull:) på gatehjørnet.




Klutestrikk.
Ha goe veke videre.......til helga er det quiltefastival i Oslo. Eg har tenkt meg innom på dagsbesøk då eg har planer om ein Oslotur for å besøke ei av prinssessene mine. Gler meg.

Klem
Lilladør

Snart midt i september

$
0
0

 Lyng, pyntekål. rognebær mellom anna pryder i ei urne ved hagehytta. Håper på strikkekveld i hytta der snart.......  



  Bjørnebær i hagen


 Så nå har eg frose ein del bær til å ha på is. I tillegg måtte eg prøve meg på syltetøy. Så eg kokte eit lite glas med bjørnebærsyltetøy. 


Ha fine haustdager.
Her på Jæren melder dei varmt og sol. Kan det bli bedre!

Klem 
Lilla dør

Oslohelg med mykje inspirasjon

$
0
0

 Fredagen var det Quiltefestival på Gardermoen. Fantastisk mykje fint å sjå og oppleve. Mange spennande butikkar. Det vart litt stoff med heim i kofferten. Denne gongen vart det ikkje kurs eller workshop.....kanskje ein anna gong. Men det var mange spennande kurs. Sjå meir her:
quiltefestival


sin butikk


Fine farga


Riley Blake design


Her frå Karl Johan på lørdagen. Bokfestival der og Matfestival på Rådhusplassen, så her var det litt for kvar smak:)






God tid til kafebesøk var det og......var mellom anna innom den nye United Bakeries kafeen på Karl Johan.



Her nokre eple frå Hardanger som eg fann på matfestivalen. 

No har det vore mykje påfyll og inspirasjon dei siste vekene så no gleder eg meg til nokre timar på syrommet.
 Eg skal ha nokre kurs i haust så det blir modellsying som står fyrst på programet.

Ha ei kreativ veke forsatt. Her på Jæren har me sommar fortsatt. Jillt når ein kan sitje på terrassen til seine kvelden med eller uten lyslykt.

Klem
Lilla dør

Strikkeglad tante

$
0
0

 Knallfine



Mi snart 90 år gamle tante strikkar og teiknar mønster sjølv på rute papir. Eg er veldig imponert. Vart veldig inspiret då eg var innom ho sommar. Har mykje å lære av ho.  


 Mange sokkar var ferdige i strikkekorga. Klare til å gi bort.



 Eige design.



Jentene mine fekk kvar sine då dei var innom i sommer. 
Tusen takk, dei kjem til å varme godt i vinter.

Klem
Lilla dør

Helg igjen

$
0
0


 Det haustast på terrassen og. Her har eg tatt inn pionblad i vasen på stovebordet.


 Fine fargar....hausten er flott!


 Hortensia i melkeflaser og olivenoljeflasker gir hauststemning på kjøkkenet






 Sist helg kjøpte eg med ein fanastisk fruktte i Oslo. Fann den på "Matstreif". Den var dyrka og tørka i Hardanger. Den var kjempe goe. Blir nok ein slager så lenge me har;)



Trekte den tørka frukta i 5 minutter og teen var klar med mykje deilig frukt oppi.




God helg!

Klem 
Lilla dør

Blomsterinspirasjon

$
0
0

 Var innom ein av butikkane til Finn Schjøll i Oslo sist helg.......fantastisk inspirende og vilt. Kan vel nesten bruke ordet røft og.


 frå butikken


 Flott


 Hortensia frå min hage....... 


 Det enda med at eg kjøpte siste boka hans frå 2013.  Eg kjøpte den på Tanum nettbokhandel til kr 129,- mot butikkpris 349.-. Koseleg bok med mykje inspirasjon.

Utdrag frå boka:





Forsatt goé helg!

Klem
lilla dør

Haust på terrassen

$
0
0

 I helga fekk eg rydda litt på terrassen og laga litt hauststemning.
Tok fram igjen haustvimplane og mugrugane som eg sydde for nokre år sidan. Har brukt dei inne dei andre år så dei har helde godt på fargen. 


 Dei kom godt fram no når eg har skifta farge på huset.


 Haustfargane er fine og varme. eg trivst godt med dei.


 Pionen har fantastisk fine fargar på blada, irrande rødoransje.
I pilkorga mi har eg hortensia frå hagen .


 Ittala "julekrusa" mine passa perfekt inn i haustmiljøet.
Herleg å kunne nyte kaffikoppen på terrassen forsatt. Godt med tak over.




Ha ei flott haustveke og nyt fargane!

Takk for kommentar og tilbakemeldinger. Det varmar og gir inspirasjon.

Klem
Lilla dør

Svenskehandel :)

$
0
0

Eg lærte noko nytt i sommar. At svensk perlesukker er kvitt og blir snøkvitt også etter steiking.
 Artig og dekorativt. 


Sjå kva eg fekk her om dagen. 
Har testa det ut i helga og det stemde. 


Ha fin veke forsatt med eller utan perlesukker. I allefall ein ide til neste gong du skal til Sverige.

Klem 
Lilla dør

Nymalt dør og haust på trappa

$
0
0


Nymalt



 På det litle steinbordet mellom stolane har gresskar hamna saman med blomstrane. Eg klarte ikkje å gå forbi gresskara sist eg var innom blomsterbutikken:). Men no har eg hekla mine egne gresskar sjølv om eg ikkje har kome så langt at eg har fått fotografert dei ennå........ Ikkje idag, kanskje i morgon.


Haustkål er ein flott plante no om hausten. Favoritten er lilla.




 Haustdama mi
Denne hadde eg kurs i for nokre år sidan. No har ho flytta ut på trappa:)


 asters


Her sitte ho og nyte utsikt til gardsrommet frå blomsterpottekanten. I ly for vind og nedbør.


Stoffmaling og frihåndsquilting på motiva på kjolen.


Klem
Lilla dør

Gresskar

$
0
0

 Litt av vekas kreative sysler har vore hekling i godstolen om kvelden atått goé eplete frå Hardanger:)
Hausten er igrunn ei fine tid det og.


 Oppskrifta fekk eg fatt i Danmark i sommar. www.strikkebogen.dk



 Eg brukte ulike garntyper i bomull, restegarn.  Nokre hekla eg i dobbelgarn. Eg likte igrunn best dei.


Noen kjøpte og noen hekla


Ha forsatt goé veke.
Takk for at du såg innom og takk til dokke som legge igjen eit livstegn.......det varmar.

KLem

Lilla dør

Monteringskurs på lørdag

$
0
0


Eg har vore så heldig at eg har fått vore på kurs/workshop idag med Linda Marveng.
Vi starta kl 10 og holdt på til kl 16. Kjempelærerikt og jillt. Kan virkelig anbefalast.


Me hadde strikka nokre prøvelappa som me hadde med oss og lærte mellom anna ulike teknikkar og måtar å sy dei saman pluss mykje anna. 


 På Cardinal ein lørdag føremiddag. Mykje strikk, vatn og kaffi:)




 Linda har designa mange flotte strikkeplagg. Eg var innom Narvesen på veg heim der var det ikkje mindre enn tre blad som hadde mange oppskrifter og omtale av ho. MbyM, Familien og Strikk.


Her er nokre av masse flotte modellar av Linda


Her er boka ho gav ut i 2012 som er komen i nytt opplag no i 2014.
Mykje fint hauststrikk :)
Ha ei fin hausthelg med elller utan strikk.


 Her blir det litt kursførebuing med snømannsying.
Ellers har eg ei kofte til montering. Har lege klar snart ein mnd....... håper kurs og inspirasjon hjelper. Men det største hinderet er vel tida. Den strekkke igrunn ikkje til for tida.....
Lystene er større enn kapasiteten trur eg.


Tusen takk til dokke som legger igjen ein kommentar det varmar og gir inspirasjon.

Klem
Lilla dør

Vinteren litt på forskudd

$
0
0


 Denne veka har det vore snømannsverkstad  hjå meg.... Ha kosa meg saman med desse gode vennene. Ny venner har fått sin personlighet.... dette er jillt. Eg skal ha nokre kurs i haust og då er det godt å ligge i forkant.
 Ein kveld var det naseproduksjon


 Skal vi ta sin dans eller to?


 Godt med ull når det er kaldt ute...desse er ikkje heilt klar men snart



 Kanskje me treffest ei helg:) Det er ennå ledige plasser på kurs:)


Ulike material - ullfilt, vatt, heimstrikka stoff, mulighetene er mange.


Desse er klar til helgatur allerede til helga.


Ha ei goé og kreativ veke forsatt. Eg skal kose meg saman med desse og det blir nokre fleire snømannnsvenner etter kvart.......mange står klar til få sin personlighet.


Klem
Lilla dør

Haust er epletid

$
0
0
 No er det mykje fristande eple på butikken. Sist helg vart eplehelg hjå meg.  Eplekrans vart laga, skillingsbollar med eple, epledessert  og eplete..... knallgodt. Kjekt å fylgje årstidene :)



 Ut på terrassen å nyte det. Fantastisk ettersommar! Også no i månadskiftet september/oktober kan me nyte ettermiddagar på terassen. 
Mugrugane som eg sydde for nokre år sidan må stadig fram på denne tida. Eg brukte eit lønnblad som inspirasjon, kan nesten sei som mønster.




 Haust= epletid



 små pynteeple rundt telyset i eit norgesglas.





Ynskjer deg ei fin helg!
KLem
Lilla dør

Hausttur til norges festligaste og vestligaste by

$
0
0

 Her passerer vi Bergen på vei nordaover sist onsdag. Det var det regnet vi fekk på turen.
Neste dag skein sola igjen.


 Godt med bilstrikk når ein må sitje 8 timar i bil og i tillegg har goé sjåfør.


 Mange gode måltid med goé drøs. 


 Fin plass



 ikkje feil å ha lunsj her:)






 Eikefjorden i halvskumringa 



 Gubben fekk seg eit etterlengta krabbemåltid. 


 Til helga skal det være Vestlandstreff i Florø. Quiltarane var byrja å setje sitt preg på nokre butikkvindauge


 Jillt  å sjå åt her er utstilt noko som nokon har sydd som har gått på kurs hjå meg for nokre år sidan. Fiskar og maritim løpar.


 Sydde og quilta vesker også frå eit butikkvindauge.


 På bytur er kaffipauser viktig. Her frå Lille Marked

Nytt bilstrikk på returen:) vart ikkje heilt ferdig så eg må nok ut på fleire bilturar..... 

Klem 
Lilla dør

Mariusduk

$
0
0

 Då eg var i Florø sist veke kom eg over denne voksduken...... eg måtte bare ha den. Sjølv om eg ikkje er tilhenger av voksdukar, var den perfekt til bordet i hagehytta.
 Alltid kjekt med forandring og så passar den inn no i vinterhalvåret. Eg liker å drive med ulike hobbyaktiviteter der.. Så no er iallefall strikke inspirasjonen på plass....... 


Klar for strikke kveld?
Eller kaffi?
eller begge deler?





 Litt klutestrikk på gang


 Liit varer  til salgs er det og i skapet i hagehytta





Ha ein fin kveld og ei kreativ veke. 

Jillt du såg innom bloggen. Takk for tilbakemeldinger.

Klem
Lilla dør

"Ny" symaskin i heimen

$
0
0


 Eg har fått kjøpt meg ei gamal symaskin av typen trømaskin. Ca frå 1930 -1940 talet.
Ei vennine av mamma hadde den for salg etter onkelen sin


Ei lita skuff under bordet var fulla av ulike skattar....spør du meg:) Ulike trådsneller og nokre gamle stoffremser frå då maskin var i bruk. Fekk til og med se den fine sømmen ho sydde.








 Her har eg stroke stoffremsene eg fann i den lille skuffa. Ha ein plan om å sy noko av dei:) sjølv om det ikkje er store biten



Eit kupp spør du meg
Men hadde eg bruk for den? Nei men jillt å ha:)



Klem
Lilla dør

Nye tresko

$
0
0

 Har fått meg nye tresko. Kjøpt på nettet.
Med strikkemotiv:)
 Blir fine til å bruke på jobb eller til å ha når eg spring etter posten eller tar turen ut i hagehytta.


Kan det være snakk om kupp igjen?

Ha ei kreativ helg.
Her blir det Vestlandstreff i Florø. Eg skal ha kurs der....juletreteppe og snømenn........... gleder meg.

Klem
Lilla dør

Kursførebuingar:)

$
0
0

 Denne veka har det blitt mykje sying og andre kreative sysler:). Til helga er det kurshelg i Florø.


 Litt fleire modellar eller / og nye idéer





quilta litt snøfugg


 Også vart det gjordt ferdig litt fleire snømenn....eg trivst veldig godt saman med dei:). Denne karen er klar for snø og ski:)))
Fekk fatt i snømaling hjå Lissi Design på Jærhagen og den må jo testast ut.



 Materialpakkar til snømennene er klare


Ha ei goé helg!
Eg  gler meg til Vestlandstreffet i Florø.
Kanskje me treffast der???

Takk for mange tilbakemeldinger og oppmuntringar i dei siste blogginnlegga det varma.

Klem
Lilla dør

Kurshelg og jubileumshelg for Rogaland Quiltelag

$
0
0

Eg skal ha kurs på Kronen Gaard Hotel i Sandnes på lørdag. Der kan ein sy juleteppe, løper og/eller snømenn.


 Desse kompisane blir med :)


 Har laga nokre matrialpakkar til snømenn.



 Klare for kurshelg.


 Blir du med? :))). Med eller uten skøytene.



Sjå den fine og praktiske trådkuppelen eg fekk av ei goé venninne. Tusen takk! 

Eg gler meg til helga. Håpar og trur det blir ei jille helg med mykje inspirasjon. Kanskje eg kan legge ut nokre glimt frå kurset her på bloggen over helga.
 Velkommen til nye følgere ........det er alltid jillt
Klem
Lilla dør
Viewing all 1299 articles
Browse latest View live