Quantcast
Channel: Lilla dør
Viewing all 1299 articles
Browse latest View live

Nokre smakebitar frå Vestlandstreffet i Florø

$
0
0

Teppet i midten sydde mamma for nokre år sidan. Ho hadde det på utstilling på Vestlandstreffet i Florø 10. til 12. oktober. Mønsteret kjøpte ho på Vestlandstreffet i Stavanger for mange år sidan.  Eg meiner det er  Nina Lisa Moen som har designa det. Teppe har ho sydd i grå og svarte stoffer men eit hus er lilla og eit hus har lilla dør!!  Nesten som at det er litt mitt med den lilla døra :)



Mange jille butikker og "quiltekafe"


 Eg hadde to dagers kurs der..... 


Det var eit kjempefint og inspirerande treff.  Sjå fleire bilde på firdaposten.no

Klem
Lilla dør

Kurshelg på Kronen Gaard Hotel

$
0
0

I flotte omgivelser på eit historisk hotell i Sandnes, Kronen Gaard, hadde Rogaland Quiltelag Jubileums- og kurshelg.


 I nydelige omgivelser hadde eg juletreteppe- og snømannskurs. Med ivrige og dyktige deltakarar. Heldige meg!


 Fleire juletreteppe, slumreteppe og løparar vart påbegynt og tretten fjorten snømenn vart produserte:)



 Mine snømenn:)


 noko av det som vart laga i løpet av lørdagen




 Hotellet var fantastisk fint. Rikt på detaljer og ikkje minst hadde dei nydelig mat.... Eg har aldri vore der før sjølv om eg bare bur 25 minutter derifrå. 


 Haust = fine fargar.



Ha ei kreativ og fin hausteveke!

Klem
Lila dør

Har strikka meg nytt haustskjerf

$
0
0


Det har vore mykje bilkjøring  dei siste vekene.  Så dette har vore eit av mange bilstrikk
Kid mohair skjerf :)



 Eg kjøpte garnet hjå Ullrommet for nokre år sidan.....har hatt det til modning:)
Strikka det på pinna nr 6 og oppskrifta følgde med garnet.




Fine fargar.



Passar godt til strikkajakka mi

Velkommen til ny følger!!

Klem
Lilladør

Har rydda i ei av strikkekorgene

$
0
0

Desse vottane og lubbane er klare til bruk etter lang modningstid i strikkekorga:)
Fin farge..... eg gleder meg ta det i bruk og er veldig fornøgd med resultatet.


 For fleire år sidan gjekk eg på maskinstrikkekurs. Der strikka vi vottar, lubbar og luer.
 Kurset var på Raulandakademiet med Marit Buset som lærer. Kjempejillt kurs. Når ikkje alle prosjekt vart gjordt ferdig med ein gong vart dei liggane i ei av mange korge. Denne veka har eg montert noko av det eg laga ....har ennå litt igjen.


 Når det er strikka på maskin krev det litt meir montering av og til:)


Ganske store før eg putta dei i vaskemaskina og tova dei.



Minka godt...... nesten10 cm.. Passa heilt perfekt. 
Fint tova, blir nok vinterens favoritt lubbar/tøflar for meg.



 Det samme med vottane.




 Eg fann og ei alpelue som måtte maskast saman





 Klar til bruk den og. 


Ha ei fin haustveke fortsatt.

Klem
Lilla dør


Snømenn med strikka tilbehør

$
0
0

 Denne veka har tre snømenn fått strikkagenser, skjerf og luer i Mitu.  Klare for vinteren.


 Selbulue-oppskrift fann eg i den nye Selbu-strikebokka. Brukte eggvarmeroppskrifta.
Strikka på pinnar nr 2,5 i Finull.



 genser med lus





 Klar for vinteren.
I fyrste omgang blir dei i hagehytta klar for salgskveld i desember:)


Ha ei fin helg
Klem
Lilla dør

Kan det bli bedre? :)

$
0
0

 Se kva som låg i postkassa mi i ettermiddag.  Så no er det kaffi og Lev landig bladet som opptar meg ei stund.  Og så blir vel det tid til litt anna etterkvart :). 


 Fantastisk fint blad. Dette bladet innheld mykje inpirasjon til vanleg men denne gongen var det ekstra mykje jillt å lese og å bli inspirert av. Så løp og kjøp:)))


 glimt frå bladet


 Kaffi, strikk og nytt blad = fantastisk goé ettermiddag.
Kvalitetstid!


klem
Lilladør

Blomstergleder i hagen. 5 november

$
0
0

 Se dei fantastiske fine fargane på pionbusken min på terrassen no.



 Fiol blomstrar igjen:)


 spanske margarittar.



 Blomkarse


 Hortensia


Haust, men fint


 Ha ein goé veke fortsatt! 
Tenk å ha ein slik fin blomsterfryd i hagen i november......sjølv etter hauststormar og regn:)

Klem
Lilla dør

Fårelester

$
0
0

Lenge sidan eg starta på desse... eg held på å gjere ferdig ein del prosjekt som har lege i strikkekorga. Eg har vel lett for å starte på nye ting:). 


Dette var eit av sist helgs bil- og ferjestrikk då vi var ein tur til Florø igjen:) 16 timer i bil ei helg,  då trengs strikketøy.
Gubben og eg har igrunn ei goé arbeidfordeling, han køyrer og eg strikkar.


Mønsteret er "den blå tråd " sitt.
Eg har strikka mine i PT5 sport.





Klar for nye prosjekt frå korga. Uff, eg har ei kofte som eg har strikka for eit par månader sidan. Har igjen monteringa......snart trur eg. Junioren er tålmodig og ventar.

Goé helg

Klem
Lilla dør










Hjelholts 1 tråds fargeskiftgarn

$
0
0


Ny strikka hals eller tørklæderør som dei kaller det i Danmark.
Design: Charlotte Hjelholt, Hjelholts Uldsinderi


Kjøpte garn og mønster i Danmark ifjor.......det er den modningsprossessen.




Leika meg litt med fotograferingen ute her om dagen



Likte godt fargesjatteringen i den gråsvarte tråden attåt den friske og djupe rosa fargen.


Dette har vore eit av mange bilstrikk......har kjørt masse bil i den siste mnd.


Goé kveld videre.

klem
Lilla dør

Dokkeklubben hadde ein stjernekveld igår :)

$
0
0

 Igår var eg på klubb iStavanger hjå Sabrina.
Kveldens tema var strikka stjerner. Eit fantastisk fint bord møtte oss, med uttallige stjerner.
 Nokre tova, nokre stjerner i lin og nokre i bomull.


 Eller som tallerkendemper :))


Alle desse er Sabrina sine.


 Stjernebord


Her er mi. Strikka den i lin.
Vart ferdig med denne og starta på ei lilla.
Jillt med slike kreative kvelder med gode venninner, eg gleder meg allerede til neste kveld.

Takk for kommentarar på dei forrige innlegga. Det varmar og gir inspirasjon. 
Klem
Lilla dør

Førjulstur til London

$
0
0

Sist helg var gubben og eg i London. Ein fantastisk tur. En del av gatene var allerede julepynta. 


Me liker å ete frukost ute på små og koselege kaféer og bakeri i staden for på hotellet. Her er ein av dei mange favorittane.




Juleutsmykking på John Lewis. 



Frå butikkvindauget til John Lewis.


Pigvinar var visst in i år. 
Både til pynt og salg.



Utanfor Selfridges.



Oxford Street.



Viktig med mykje kaffi, her frå eit bakeri i Marylebone High Street.


Hjå Orla Kiely, ein av dei mange favoritdesignerne mine.


Til og med golvet var utsmykka med designen hennar.


Mummi verden


Covent Garden



Mange og gode kafébesøk med eller uten strikk eller hekling.



Når eg er i London må eg alltid ta T-banen opp til Angel og Islington og besøke strikkebutikken LOOP.  Har du ikkje vore der har du gått glipp av noko innen strikkeverden i London.



Fekk snopa meg boka til  Julie.




Me budde i 11. etg på eit hotell ikkje langt frå Oxford Street
Her er utsikten frå rommet tidleg ein morgon.


Denne blomsterbutikken i Marylebone er berre heilt fantastisk. Eg kjem tilbake til den. Snopa litt nytt julepynt der. Må fyrst få det fram :)



Klem
Lilla dør

Fleire stjerner på gang

$
0
0


Eg held på å strikke endå fleire av desse stjernene. Det er eit Drops-design. Det ligg mønster på nettet  på Dropsdesign si side. Mønsteret eg har brukt er eit mønster på tova grytekluter:)


Eg kjøpte grå og kvit lin i tillegg til sølvtråd hjå Anny på Bryne her om dagen.
Planen er å strikke nokre fleire stjerner til bordpynt, tallerkendemparar og/eller bordskånarar til jul:).........trur eg



Gler meg til å strikke fleire.......jillt arbeid, og fort går det.


Fine fargar i saman.


Denne er strikka i linrenningstråd




Ha ei fine veke. Kjekt du ser innom bloggen!

Klem
Lilla dør


Strikkefestival i Stavanger

$
0
0


 Eg var med på workshop sist fredag med Charlotte Kaae, ein dansk strikkedesigner.   "Krydret strikk," der vi blanda og spleisa garn i den farge sjattering vi ynskte og strikka pulsvarmer, "prøvelappar"etc.
Mine pulsvarmarar er ikkje heilt ferdige men straks. (skal legge ut bilde når eg er ferdig.)


Charlotte med sine fargerike vottar.
Oppskrift i ei av bøkene hennar:)


Kan anbefalast:)


Charlotte sine
Se meir på bloggen hennar


 Anny sin


 Søndag var eg innom strikkekaféen og butikkane....fekk snopa litt då og:)


 Søndag var eg på workshop med Lene Holme Samsøe. Fantastisk jillt det og. Då var det bladmønster som var tema. Eg strikka meg lue i alfa.
Har fleire bøker og hefte av ho og til helga kjem ho med kofteboka........gleder meg!

Lena si lue.


 Her er eg igang med mine nye gullpinnar:)


Ferdig


 Eg laga okergul dusk på lua mi etter ynskje frå mottakeren.


Klar til bruk, eller kanskje eg skal strikke ei til før eg gir denne frå meg.
Takk til dokke som er innom og legg igjen eit livstegn.

Klem 
Lilla dør

Eplesyltetøy

$
0
0

Eg var så heldig å få nokre eple.......
Og kva er bedre enn eplemos:)


 Eg skreller og deler eplene opp før eg puttar dei i ei gryte på svak varme og lar dei stå til dei er møyre og så har eg litt sukker i. Rører det til det er godt oppløyst.



 Klar til ha på glass deretter i frysen.


Ha goé helg. Her blir det smaksprøve på verdens beste syltetøy.

Klem
Lilla dør

Snart desember

$
0
0

Idag var det flott lørdag..... Me var ute og førebudde adventstida med å montere lys på pilkrussedullen og juletrea ut. Fekk kosta vekk resten av lauva og. ( Eg trur eg skal ynskje meg ein lauvsamler med pose til jul)
 Ekstra jillt var det at me kunne ta lunsjen ute.


Varm sjokolade og grove brødskiver smakte fantastisk.........ute i godt lag:). 



 (før eg var byrja samle og koste lauvet)





Denne grana har eg tenkt ha i drivhuset.


Kaffi, bål og go´e tid = fantastisk = kvalitetstid



Frå drivhuset....... måtte teste at lys virka:)

 

Lyskrona på plass på terrassen
Som sagt måtte me teste om det virka sjølv om det er ei veke til desember:) 
Eg trur eg må slå av til nese helg, gleder meg til desember. Eg liker denne førjulstida........ mykje lys og varme. Gjeld å sjå og nyte den.



Ferdig!

$
0
0

 Klare til bruk. Sist helg gjekk eg på kurs i Krydret strikk med Charlotte Kaae


I eit julemagasin til "alt om håndarbeid" fann eg fleire mønster av Charlotte, mellom anna lue:) Kanskje eg skulle leite litt i restgarnet å strikke ei slik lue:)

Klem
Lilla dør

Vintervimplar på terrassen

$
0
0


 Eg hadde store planer om hekle slik snøkrystaller men så kom eg over desse. Ferdig stiva og heimehekla truleg (såg slik ut). På ein blomsterbutikk. Kupp igjen:)


 Vimplel"stoffet "kjøpte eg i haust heime i Florø, på Princess. 


 I helga klippe eg og sydde dei. Brukte skråbånd som tau mellom vimplane. 


 Testa ut ideen:)






Forsatt litt grønt på terrassen. Rosmarinbusken trivst ute.
Det gjer eg og: jillt med kaffi kopp eller to ute sjølv om det er vinter; se her



 Hengde dei hekla stjernene mellom vimplane.


 Flott krystaller.... kunne ha tenkt meg ennå fleire av desse. 




Takk for at du såg innom.
Ekstra takk til dokke som legg igjen eit ord eller to:)
Ha ei kreativ veke.

Klem
Lilla dør

Moseballar

$
0
0


Igår var eg i klubb med "Løsmaskene". Det vart ein del strikking men i tillegg fekk me laga nokre moseballer. Kjempejillt. Ingeborg hadde vore i skogen plukka flott mose til oss :) Irrande grøn.

Døsenpilgard har lagt ut demostrasjonsvideo om korleis me lagar dei. 




Her er min fyrste.


Det vart tre på meg........ vel nøgd og full i inspirasjon til å prøve meir.
Skogstur neste:) kansje?


I tillegg fekk eg hekla meg eit hjarte i 1-tråds spunne lingarn av Ullrommet


Vel på plass på trappa mi


Med urtegrein, lavendel og kobbertråd.


Litt adventsstemning frå terrassen. 


Tusen takk for jille og kreativ kveld. Heldig eg som får gå saman med desse kreative og goé damene.
Ha ei fin adventstid og goé helg. I morgon er jo det torsdag alt.


Klem
Lilla dør

Hekla stjerner

$
0
0

Eg vart inspiret og fann oppskrifta på stjernene i boka God Jul av MaryB. Langhelle og Heidi Bjørnsdotter Thorvik og hekla dei i ulike garntypar. Eg har brukt lin, bomull, ull og sølvtråd. Hadde ulike antall tråder, frå eit par til fire-fem samtidlig. gjekk bare opp i heklenålstørrelse.



Det gjekk fort å hekle og blei mange i løpet av kort tid:)


Med blingtråd. slik at det glitra litt :) 


Passa godt saman med kongler 


Her på benken/bord kaffibordet no på vinterstid på terrassen.


Fin måte å hekle opp ein del av garnrestane i dei lyse fargane frå kvit, beige og grå. Fin miks.


Klem
Lilla dør

I år vart det rognetre i gangen

$
0
0


I dei siste åra har eg hatt ei eller anna form for juletre i gangen min. Tidlegare har det vore lerk, bjørkestamme etc. I år er det eit lite rognbærtre frå hagen:). Har pynta det med  snømaling for få vinter og julepreg på det:)








 Har ulike fugler som har fått flytta inn.... 








Klem
Lilla dør

Viewing all 1299 articles
Browse latest View live