Quantcast
Channel: Lilla dør
Viewing all 1299 articles
Browse latest View live

Koftebok

$
0
0


Eg har gledd meg lenge til at den skulle koma. Eg kjøpte den hjå Anny på Bryne ( ho hadde fleire igjen igår såg eg:). 


Denne kofta stod i fleire varianter i boka. Men denne strikka mamma på sektitallet trur eg... ho og pappa hadde kvar si. Denne er like fin ennå. Døtrene mine bruker den.



 Ei fantastisk fin bok!
Eit kupp igjen.......måtte bare ha!


Klem
lilla dør


Adventskalender

$
0
0

 Stofftrykk frå Stoff og Stil vart til veggbilde,  eller det kan brukast som adventskalender. Eg sydde og gav den vekk no i helga. Sydde ein sekk attåt til adventspakkane.




Eg sydde nokre gåveposer i ulike størrelsar med stoff ifrå Stoff og Stil




Klar til levering :)


Kjekt med sjokoladekalender med goé sjokolade til ettermiddagskaffien og.



Jillt med advent.
Ha ei goe adventstid.

Klem
Lilla dør

Julemarkedtur til Stuttgart er blitt tradisjonen siste helga i november

$
0
0

 Brezzel må ein ha når kjem til Tyskland, eit must:)


Julemarkedtur .......dette kan dei. Julemarkedet i Stuttgart er kjempestort
sjå meir frå julemarked i stuttgart


Markthalle ein av mine store favorittplasser i Stuttgart. Mykje fin og spennande design og interiør pluss mathall. Kan det bli bedre?


Nytt konsept i Esslingen. Ull, vin og kaffi.
Maaaaaaaasse fint garn og gode sofaer til å sette seg ned i og nyte garn, kaffi og strikke litt....
Slik skulle me ha hatt her heime og. Kanskje det er det eg skulle ha byrja med??


eplekransar, fantastisk godt.


Frå julemarkedet i Esslingen
meir informasjon om julemarked i Eslingen



Eg kjøpte ingen. Bare sjå ikkje røre:)


Kringle på grill


Frå sofakroken i strikkebutikken i Esslingen. Må nok tilbake der.  Ca 15 min med tog frå Stuttgart til Esslingen


Snopa garn og oppskrift på dette sjerfet
er i gang:)


Takk for fin tur saman med ein gjeng gode venner

Meir stuttgart bilde

Dette var andre år med julemarkedstur til Stuttgart. bli fort ein tradisjon då.

Klem
Lilla dør

Pute med fototrykk

$
0
0

 Eg fann dette stoffet med fototrykk på Stoff og Stil i haust. No er det blitt pute. Vart ei gåve til ein som har dilla på slike gamle grammofoner:).  Faller nok godt i smak.


 Eg brukt lin til bakstykke og sydde glidelås i den ein sida. Puta vart 40 x 40 cm.


Ha ei fin veke.
Takk for tilbakemeldinger, det gir stor innspirasjon og glede.

Klem
Lilla dør!

Fleire mosekuler

$
0
0


Eg laga nokre fleire moseluler her om dagen. Veldig jillt og dekorativt blir det.

Var nede i hagen og fann ein liten stamp med mose. Men det vart skumring og mørkt før eg fekk laga dei.



Med røsslyng, lav, pinne og kvite perler.


Støypefat til heder på hagebordet med kuler i. Blir vel ein mellomstasjon:). Har tenkt å gi nokre av desse kulene som adventshelsingar.



Det meste kan brukast som dekor. Her med kongler, 


lav og røsslyng




Ha forsatt fin adventstid.

Klem
Lilla dør

Sjå det fine som har flytta inn hjå oss

$
0
0

 Sjå denne fine og fantastiske engelen som har flytta inn hjå oss.


Anne Marie Erga heiter ho som har laga den. Eg var så heldig at eg fekk kjøpe den. Den er laga av nålfilting og ska er i leire/keramikk


 Ynskjer dokke ei fin og kreativ adventstid!


Klem
Lilla dør

Førjulskveld i hagehytta

$
0
0


 Julepynta hagehytte er jillt. Igår hadde eg elgegløgg og hekleprosjekt der elg var temaet med gode venninner. Idag er det ungdommane som har inntatt hytta med litt strikk, mykje drøs og smaking av julekjeks.





 I går vart det gløgg og hekling av elg til ha på brusflaska, inspirasjon og oppskrift på den hekla elgen var carterandBrown på Instragram der det var link til bloggen der oppskrifta ligg.



 Denne snømannen min fekk ny eigar i går :)




 Rudolf er rød på nesen!


 Same oppskrift bare ulik tjuknad på garnet vart ein liten og ein stor.


Elgen frå i forfjor hadde full oversikt frå skapet:). kanskje likar han at han får godt selskap av fleire elgar.... kven veit?


Sjå den koselige elgen som flytta inn hjå meg i kveld. Takk til giveren.

Ha forsatt ei goe og kreativ førjulstid.

Klem
Lilla dør

Julepynta bord

$
0
0


 Det å pynte og lage ulike borddekorasjoner er jillt. Både eg og jentene i familien er glad i det.  I grunnen eit populært oppdrag, og me skiftar ofte "tema".


 Dette bordet var inspiret av melodien Driving home for Christmas. Kom over denne bobla ein dag eg var på handel.  Dei ulike trea har me samla på.  Dei fleste er frå Tyskland og nokre frå Søstrene Grene.


 Nesten som om bilen kjem frå Voll Juletregard. 


 Elgen er på plass i skogen på kjøkkenbordet.





 Goé ettermiddagskaffi ved eit av stoveborda med fin mugrug som eg har fått av ei goé venninne  http://hjertegleder.blogspot.no. Under mugrugane ser ein linhåndduken som vart ein perfekt juleløper i år! :)



 Lerkgreiner med masse kongler er dekorativt saman med julekuler med snøkrystaller som er blitt små vasar:)


 Kombinert med både sølvlysestaker og jubileumsvasen til Kähler med kobberstriper gir det ein varm og goé stemning.


God jul!


 Fyrstejuledagsbolle var på plass iår og til frukosten. 
Til og med litt julesnø fekk me i år:)


Jillt du såg innpm bloggen. Har vorte lite blogging no desember. Har ikkje hatt overskuddet, men rekna med at eg er tilbake no.

Ha ei riktig god jul

Klem
Lilla dør


Julepakkar

$
0
0

 Kan det bli bedre og meir kreativt? Mi fantastisk kreativ og flinke svigerdatters mesterstykke av  innpakking av ein julepresang. Ei eske frå papirbosset blir til ein "ryggsekk"!



Her er der ein av mine sønner som viser ei kreativ og forseggjort innpakking.
Fantastisk bra:)


Dette var bare eit glimt frå innpakkinga iår. Eg gløymde åta bilde av fleire pakker. Det var mange kreative og fine, men desse må få pakkeprisen iår . Eg gler meg til å sjå utviklinga. Spennande og jillt med fin og kreativ innpakking. Der har eg ein del å lære.........kanskje det går på tolmodighet.

Ha fin romjul.
Kanskje med eller ute fleire pakker.

Klem 
Lilla dør

Pads

$
0
0

 Ein fin måte til bruke opp restegarn i bomull er å hekle små pads til å fjerna sminke med. Etter bruk kan dei vaskast saman med hånddukane og dei er klare til bruk igjen :)
Eg gav dei til studentane


Fann oppskrifta i bladet "Mollie makes" i haust.


klem
Lilla dør

Strikketøyposar

$
0
0

 Eit nostalgisk stoff som eg kom over i London vart til eit nett eg gav vekk no i jula. Enten til ha skoa med seg i til juleselskap eller som strikkepose. Bruken er opp til mottakar. Eg har meir av stoffet slik at det nok blir meir poser og nett.




 Linstoff med trykte sauer vart til strikketøypose.



 Linhåndduk som vart til strikkepose med glidelås. Praktisk og god til å halde styr på både pinner og strikketøy i veska. 




 Endå ein strikkepose eg sydde i desember har fått ny eigar.



Til dei håpefull strikkarane mine har eg laga førstehjelpsskrin for strikkarar.  Har sjølv eit slik og har hatt stor glede av det. 

Klem 
Lilla dør

Romjulsfri og rydding på syrom og i strikkekorg......

$
0
0

 Fekk tømt stikkekorga og sortert det som var der. Eg har tenkt tanken men no trur eg det må bli: INNKJØPSSTOPP.  Du så mykje jillt eg har å halde på med. Heldige meg.
I allefall nesten innkjøpsstopp av garn og stoff. Heilt stopp klarer eg nok ikkje, men nesten trur eg. Har veldig mange påbegynnte prosjekt og mange er planlagt der eg har det eg treng for sy eller strikke. Så kanskje dette må bli nyttårsforsettet mitt.


Her noko av det som ligge, garn til hals. Kjøpt i Tyskland.


 Dette garnet samlar eg på ....kjøper litt kvar gong eg er i London. Dei har det mellom anna på Loop. Kva eg skal bruke det til veit eg ikkje. Tar imot gode forslag. Men det er nokre fantastisk fine farger i et nydelig ullgarn:)


Påbegynte vottar i fjor


Pinnane er sorterte og klar til bruk. Både rundpinnane og strømpepinnane:)


Lageret av ulike garn er STORT. 
Til meir eg strikkar til meir garn får eg trur eg. 
Har til og med notert ned dei ulike prosjekta som er påtenkt og påbyrja. Gubben har mumla om eit eller anna antall,  han er nok inne på noko der og. Sjølv om eg ikkje vil innrømma det heilt. Men no har eg det svart på kvitt.......


 Sist innkjøpte garn rett før eg sa (nesten) stopp:) til lubbar


Syrommet er og ganske ryddig:) klar til sying. Gleder meg til det.....mange tanker og idéar...... kjem etterkvart.

Stofflageret trur eg eg får ha for meg sjølv inntil vidare. Skal heller få sjå dei ferdige produkta i åra som kjem:)

Klem
Lilla dør.

Godt nyttår!

$
0
0

 Med desse rosene i vannbad saman med koparrosene vil eg ynskje dykk eit riktig godt nytt år! 

Takk for det gamle.

 Ekstra takk til følgarar og kommentarskrivarar. Det gir inspirasjon og glede.


Bildet er frå hytta vår i romjula. 

Nyttårsklem
Lilla dør

Pulsvarmarar

$
0
0

 Eg fekk desse fantastisk fine pulsvarmarane til jul, som som ei av døterne mine hadde laga i nunofilting.
Jillt når nye teknikkar og ferdigheter blir prøvd ut.


Har allerede hatt mykje glede av dei. 


Klem
Lilla dør

Strandtur er kjekt:)

$
0
0

 Idag fekk me oss ein fantastisk fin tur frå Sele til Hellestø, ein 7 km tur i sanddyner og langs stranda. 


 Jillt med tur saman med den yngre garde.


 Utsyn mot Feistein fyr



 Mønster i sanden. Skjere kunstbildet.



 Sjokolade med krem.


 Ny vottar med Kakemonsteret frå Sesam Stasjon.


 Hellestø


 Det bles friskt fortsatt .....sjølv om stormen hadde løya.



Go´e start på nyåret. 
Håper på mange goe turar i 2015.......Friluftsåret.

Klem
Lilla dør

YES....Kofta er montert og levert

$
0
0


 Endeleg! Men litt flaut at det tok 4 - 5 mnd frå den var ferdig strikka til eg fekk den ferdig til levering. Godt eg ikkje driv butikk med montering av kofter.


 Kom over "pengeknappar" hjå Fat og Fe (www.fatogfe.no).  Eg brukte 50-øringer på kofta. 




Godt når mottakaren er tålmodig!
og veldig fornøyd med kofta.

mamma klem!

Nytt forkle på 5 minutter :)

$
0
0

Rett før avreise kom ei av dei håpefulle på at det hadde vore lurt med eit plastforkle siden neste prosjekt på Høgskulen er leire og kjeramikk. Etter litt ide myldring fann vi ut at å sy eit forkle av voksduk må jo være løysninga :))).  Ho sydde det av ein voksdukbit eg fann på syrommet (av og til er det godt med eit innhaldsrikt lager). 


Sydde på blomstrete skråbånd.


Klar til bruk. Eg gleder meg til å sjå produksjonen .......den blir nok knallbra.
Klem
Stolt mor og lilla dør

Stolt mor

$
0
0

 Jentene mine har strikka kvar sin genser i jula, ein acnegenser og ein skapellvariant.


Strikka i suri i plommerød og grå farge. Kjempefin.


 Skapellgenser. 
Eit av dei nye mønstera, bare at her har ho strikk med høg hals. På mønsteret var det v-hals.


 Julefristrikk.


 Strikka den i suri og mini alpakka.


Mamma er stolt.


Klem
Lilla dør

Sylørdag = glede = fantastisk

$
0
0

 Har store planer å sy meg ned i stofflageret mitt....eg har mykje jillt arbeid foran meg.
 Kva skal eg byrja på tenkte eg då eg gjekk på syrommet i dag:) Det fyrste eg sydde var dette i voksduk.


 Nett klar til bruk


 Små poser/vesker er allltid praktisk og gode å ha. Enten til ha strikkpinner i eller små ting:)
Sidan eg har sydd det i voksduk, tåler det også litt fuktighet enten regn eller sjøsprøyt. Er så heldig å ha fått meg ein liten open båt og strikk må eg jo ha med der og.


 Gult er kult



Ha fin kveld vidare. Det andre eg har sydd idag kjem eg tilbake til. Må fotografere det og legge til kanter med hånd....fin sofa aktivitet i kveld.

Klem
Lilla dør

Strandtur dagen etter uveret Nina hadde vore der

$
0
0

 Flott søndagstur på Borestranda. Måtte ned for å sjå korleis Nina hadde herja. Det bles forsatt godt. Det var ikkje mykje att av stranda. Helst skum og sjø heilt opp i sanddynene.


 Mykje graps, og stokkar hadde Nina lagt igjen.


 Sol og sjøskum
Så i dag var snøen bytta ut med sjøskum, kvitt og fint var det.







 Måtte vasse litt i det langs sanddynekanten. Klar til å flykte unna vist bølga slo inn.


 Sjøen gjekk nesten heilt i sanddynene. Landskapet forandrar seg fort der.



 Det varte ikkje lenge før sjøen skylte godt over kanten på piren. Eg anbefaler ikkje ein tur ut på den idag. Kanskje neste gong. Me er heldige som har slik fin turplass rett utforbi stova. Iallefall i gå avstand.



Takk for turen
Jillt med turfølge!

Klem
Lilla dør
Viewing all 1299 articles
Browse latest View live