Quantcast
Channel: Lilla dør
Viewing all 1305 articles
Browse latest View live

Fru og herr

$
0
0


Eg strikka to glassmansjettar etter mønster og inspirasjon av Charlotte Kaae.  Mønsteret kjøpte eg på hennar Ravelry-shop. 

Jillt med to.  Det var ganske mykje arbeid på dei så eg trur kanskje det blir med desse to.


Prøvde dei ut på lørdag med sjokolade og krem. Knallgodt og jillt med friskluft sjølv om det var ganske frisk ute. Venta då på stormen Nina. Godt med overbygd terrasse.


Måtte pynte dei med restar av julesnopet.  Eg såg det var gjort på mønsteret, men eg likte dei best utan stav.


Perfekt lørdagslunsj i hagen





Serviett eg snopa i fjor.... eg er svak for servietter,  det er så mykje fint. Gir mykje inspirasjon og idear.


No står desse to kompisane på kjøkkenbordet klar til bruk,  eller bare til pynt. Januar er jo snømannens månad eller? Det einaste er at vi ikkje har fått noko snø ute ennå. :)

Klem
Lilla dør

Ha ei fin og kreativ veke.

Gjordt ferdig småstrikk frå " i fjor" :)

$
0
0

 Eg starta på dette stjerneprosjektet i desember. No har eg iallfall festa tråder og strikka ferdig dei påbyrja. Fin arbeid saman med litt kaffi. 


 På rekke og rad 


 Eg likte  godt  effekten av bling-tråden. Her har eg brukt den saman med lin
Men favoritten var den eg strikka i ubleika natur lin.  Det blir nok fleire av dei mot jul igjen...... må nok byrja endå tidligare i år.


 Marte  Helgetun  se her  sitt design av babysokkar.
 Veldig lette og snaue å strikke. Knalljillt, ferdig på eit blunk og fine blir dei. Ypperlig til restegarn i litt mjuk og tjukk kvalitet.  Alpakka er nok min favoritt her:)



Rosesokkar


Ha ei goé og kreativ veke forsatt.
Takk for kommentarar og opmuntringar, det varmar.
Eg set stor pris på om de legg igjen nokre livstegn når de er innom.

Klem
lilla dør

Vår- og vinterstemning på kjøkkenbordet

$
0
0

AnnKa sitt mønster på kuvertbrikke som eg sydde om til løper i litt min egen varisjon. Sydde den ei tid tilbake men må ha den fram no i desse snømannstider i januar. 


Hei på deg.
Ein av mine snømenn godt planta oppi ei sinkbøtte klar til snøballskrig.



Perleblom


Og så måtte eg jo bare ha litt primula sist helg.... det er nesten blitt ein tradisjon etter at eg har fått ut jula. Ikkje for det,  dei er i butikken allerede i romjula. 

Klem
Lilla dør

Olaf heiter eg og liker ........

$
0
0



Eg såg filmen Frost i romjula. Sidan eg er svak for snømenn, fann eg ut dette måtte vera film for meg. :))). Så då eg kom over mønster på Olaf måtte eg jo bare strikke det. Kjempejillt å strikke og så fekk brukt litt restgarn, eit nøste Rauma sitt tretråds strikkegarn pluss ein rest minkegarn med snøglitter som gav fin effekt. Eg strikka den på pinner nr 4. Armane laga eg min eigen vri på med hestetømmerstrikk.


 Her er han ferdigstrikka klar til stopping.



Olaf stiller gjerne opp for fotografen.
Eg var usikker på om Olaf skulle smile?  Eller skulle han ha tann utan markering av munnen :)

Det vart med smilemunn:)

Snart ny eigar.
Klem
Lilla dør

Fleire strikkenett

$
0
0

 Mange strikkeprosjekt krev mange strikkeposer/nett til å ha dei i. Eg held på med opprydding og garnslanking på nyåret. Dette var eit av syprosjekta sist helg sjå her



 Fine sauer som passa perfekt på  ei strikkenett.
 I og med at stoffet er i lin blir veska litt robust. Eg sydde den litt stor slik den kan romme litt større prosjekt og.



 Islenderstrikk.....er blitt bilstrikk når eg pendler til Florø. mange turar no når vi held på å fikse opp ei hytte.






 Fargerikt strikk treng fargerikt strikkenett:). Sjal eg starta på i Stuttgart.


Klem
Lilla dør

Varmepose

$
0
0

 Eg har strikka ein varmepose i mjuk ullgarn.
Libby Summers Chunky 100%ullgarn frå Peru


  Fekk fatt i "innmaten"til varmeflaska på Sparkjøp


Klar til bruk. Har tenkt å ha den på hytta...... kan komme godt med ein vinterskveld når vi kjem til kald hytte.


 Garn og oppskrift kjøpte eg i London for ei tid tilbake :)


Klem
Lilla dør

Hortensiablomster i lilla og grått:)

$
0
0

Eg starta på ein løper før jul men vart ikkkje ferdig før no. Eg hadde tenkt den som adventsløper men det må bli til jul igjen. Men eg kjem nok til bruke den før det og.......Kan det bli ein heilårsduk?
Stoffet er kjøpt på Design Quilt "sudara lino".


Eg valde grå lukkekant.


Måtte ta den ut på steinen på terrassen og ta bilde for få fram fargane. 


Flotte fargespel spør du meg.


Velkommen til ny følgere.

Klem
Lilla dør

Gjenbrukskupp igjen :) det liker eg

$
0
0

 Kan det bli bedre. dette fine fat og desse nupperelle
servittane fann eg på gjenbruken i starten av denne veka.


 Slike brikker er bare fantastiske tenk kor mange timar det like bak kvar enkel brikke..... ein juvel spør du meg.


 Fatet er Figgjo Flint.
Passar perfekt inn på hytta i både farge og stil.



 Måtte bare teste ut fatet:) her med litt kaffisnop på ein lørdag.


 Perleblom





 Fekk dei av ei vennine i sist veke.
 Takk, fine farge på dei blomane... vinterfage.


 Lørdag og kafe er ikkje feil.


 Eg snopa meg knekkebrød på Sandnes idag. Blåbær og rug. I tillegg var dei lilla på farge. Måtte bare. Har ikkje smaka dei ennå med iallfall fine å sjå på :). Sikkert goé og.





Ha ei fin helg!
 Mi kjære datter fylle år i dag i  tillegg til min svigerfar ei niese... så det blir masse feiring  i helga!


Klem
Lilla dør



Kurshelg i Florø 14. og 15. februar 2015

$
0
0
Eg skal ha kurs i Florø 14. og 15. februar. Har kalla kurset dei fire årstidene....
Me kan sy ulike produkter. Juleteppe, teppe, stor snømann, hønestige, hagedame, haustblader og lysløper pluss pluss kanskje


 Juletretepper



 Glimt frå hønestigen.
 Se eget innlegg om hønestigen  HER


Haust


 Sjå meir omtale om kurset, pris og påmelding
Her

Det kjem meir informasjon etter kvart her på bloggen

Klem
Lilla dør

Reiseklare damer

$
0
0

 Desse frøkenene er klare for ny tur til Florø. Skal være modellar på kurset mitt neste helg.


Meir informasjon om kurset i Florø




På gjensyn :)

Takk til alle kommenter og tilbakemeldinger på dei siste innlegga.

Klem
Lilla dør

Mi femte bok

$
0
0

 Her er mi femte bloggbok. Veldig kjekt å ha bloggen i bokform. 




Ellers har det vore ein del førebuingar til kurset til helga denne veka. Eg har mellom anna sydd ein stor snømann med føtter:). Ferdig i kveld, men eg må vente til i morgon før eg fotograferer han.... dårlege lysforhold i kveld.
Eg har med meg bare to pakkar med stoff til snømann. Håper det er råd til å få fatt i det Florø. Kan nokon sjekke det dersom det er nokon som vil sy stor snømann,. Ein treng også formtråd eller lednngsrester til "bein" i armane. Eg har med svart ullstoff til hatt og evnt. føter.


" Vinterdame" under arbeid  :) blir med til Florø


Takk for alle kommentarar og tilbakemeldingar!

Klem
Kari

Snømannen Kalle :)

$
0
0



Sydd i ullfilt



Den uten føtter har eg lånt. Den sydde eg for nokre år sidan. Jillt å ta fram mønsteret igjen og forandre litt sidan sist eg sydde desse snømennene.  No har eg laga føtter på snømannen, vart litt større og eit anna preg med ein gong. 


Dompappen har eg laga av ullrestar i rødt, grått og svart.

No gler eg meg til kurshelg i Florø i helga.

Takk for at du såg innom bloggen.

Klem
Lilla dør

Vinterdame

$
0
0





Det var jillt å sy og lage dame igjen etter gammalt. Har hatt ei pause frå det. Men med kurs i Florø som inspirasjon vart det pluteslig to damer på kort tid. Kunne igrunnen ha tenkt meg å s endå fleire. Dette er jillt.
 Genseren, lua og strøpebuksa er strikka i ull.







Ha ei fin helg.

Dame/engel med lilla hatt

$
0
0

 Litt luren og litt skeptisk kanskje. Har vert på reis i helga.


 Klar for våren


Englepreg har ho og.



På luftetur på terrassen i bjørkekransen


Fløy ein liten blåfugl


Kjolen er bomullstoff og forkle er i lin med pyntebånd.




Klem lilla dør

Kurshelg i Florø 13. og 14. februar

$
0
0

Sidan me kjørte oppover kunne eg ha med meg mange modeller. Med 13 ivrige sydamer vart det sydd mykje.



 Maten på desse Florø-kursa er jo i ein klasse for seg. Desse fantastiske makronane var kaffimat ein av dagane....
og lunsjen var gode salater med nysteikt brød attåt.


 Frå helgas produksjon.
Med mykje vind og sol var det ikkje så lett å få fine bilder 


 Kursarbeid


 Fantastisk mykje fint


 Kursarbeid


Takk for at eg fekk ha kurs! Takk for inspirasjon! Eg kjem gjerne att med nye kurs neste år.

Klem
Lilla dør



Innom Gjenbruken på Sandnes på lørdag.......vart litt meir i skapa

$
0
0


 Desse koppane frå Porsgrun falt eg for. Eg trur me eller mormora mi hadde slik før. Kanskje det var det som gjorde at dei ropte på meg. Det var 6 koppar med tefat (eller tassin som eg har lært denne veka).
Fine i porselenet var dei og. Pris kr 80,- for alt, det stod eg i :)


 Hjerteforma Høyanger gryte... vart ny blomsterpotte på kjøkkenbordet




 Dette kakefatet stod og og ropte på meg. Kanskje eit gamalt bedehusfat???  blir nok kakefat på hytta no. Fatet var 33 cm. I grunnen kunne eg ha tenkt meg koppar til det:) Er det noen som har til salgs slike gamle stablekoppar og/eller tallerkar ?
 ta kontakt!


Ha ein  goé søndag med eller utan kaffi. Her er det til og med kake denne helga.... det er ikkje kvar helg.

Velkommen til ny følger, det varmar. kjekt når du legger igjen eit spor.


Klem
Lilla dør

Ei fin men annleis helg:)

$
0
0

 Eg har prøvdt å lada batteria..... nytt påfyll. Var litt bekymra igår sidan eg ikkje har tatt i handarbeid så å seie heile helga... ikkje normalt men........ eg håper eg er frisk :)


 Faaaaaantastisk flott bok. 
For dei som likar farga og interiør. Eg fann ei slik bok på Mammut salget. Måtte kjøpe den og. Så no har eg ei eg kan gi bort.  Har ein plan.


 Snop har me hatt i hus denne helga. Om det er VM eller besøk av nokre håpefulle....usikker:)


 Fått fram litt vårstemning i heimen



 Kafebesøk med godt lag. Det liker eg:)


 Vår på stovebordet ...frå hagen



Eg kjøpt meg fleire nye bøker.  Denne, Veien til lykke, har eg høyrt mykje positiv om.... har bladd litt i den ...eg trur det er fin bok med mange gode tanker....  det å ha fokus på det posetive:)
Sjølv om eg føle meg ganske lykkelig for tida:) mykje jillt på gang. 


 Kaffistunder med denne koppen måtte jo bli bra..... eller bare nyte den som pynt.
 Igrunn ein blomsterbukett i seg sjølv. Sarah Reed har designa koppen.

Varm sjokalde i solglimt på terrassen er fantastisk!!!!
 Det minner meg på at det vår og me kan innstille oss på mykje uteliv:)
Kvit sjokolade kan anbefalast.



 Ranukler er ein favorittblomst


 Litt meir vår.



Denne kjøkkenhøna frå hønestigen min er plass på kjøkkenet. Etter Florøtur sist helg flytta dei rett inn der. Denne stigen sydde eg for eit tid tilbake. Eg har fleire varianter av den...




Klar for ny veke.

Klem
Lilla dør

Ny pose til ullteppe

$
0
0

 Alle mine håpefulle har fått med seg ullteppe ut i den store verden:). Gode å ha når dei liker friluft og hybelliv :). Godt å ha som ekstra varme i soveposen i snøhola, teltet eller på togturen. For å gjere dei meir praktiske laga eg trekk til teppet som igjen kan brukast til pute.


Desse har vore veldig populære......det likar eg 


 No var det junioren som trong ein nye pose mellom Nepalturen og snøholeturen på Hovden.
Må innrømme at ullteppet har eg kjøpt på jobben:). Heimespøta og knallgoé tepper.


Klem
Mamma

Esslingen på lørdag på strikkekafé.......fantastisk

$
0
0



 Denne strikkebutikken som ligg i Esslingen har eit fantastisk flott konsept spør du meg. Selger garn, oppskrifter etc.  I tillegg har dei kafe der ein kan kjøpe ulike typar kaffi, te og vin. Kan det bli bedre.
Eg var der på lørdag, sjølv om det var fleire sitte grupper var det trongt om plassen..... tenk for ein flott sosial arena der ein i tilegg kan sjå og kjøpe garn.
Som dokke ser  har eg vore heldig og vore på venninnetur til Tyskland igjen......heldige meg som har ei venninne som har leilighet der. Blir nok ikkje siste tur heller.


 Massssssse flott garn var der og, 
både tysk garn, japansk garn og andre ulike garn hadde dei. Skulle snart selge Norsk garn og:)



 Her kunne du studere og finne ut kva du ville starte på saman med ein kaffikopp og gode venner.


 Her  er det nye hekleprosjektet til mitt fantastisk reisefølge og venninne.


 Masse fristelser


 masse inspirasjon







 I gata bort mot togstasjonen var det pynta med ulike strikk og hekl på søylene.




 Denne lille fangsten vart det på meg denne gongen:) Hadde bestemt meg for at eg skal prøve å strikke ned litt på lageret mitt.
Men eg måtte bare ha desse vårlege og fine strikkepinnane...utstyret må jo være i orden.



 Litt nye mønster vart det og. Her står oppskriftene både på engelsk og tysk.


Dette vart som sagt min garnfangst på denne turen, i tillegg til gult garn som eg allerede har hekla noko av. Det kjem i eit anna innlegg seinare i veka truleg.

Ha ei fin vårveke
Klem
Lilla dør

Stuttgarttur igjen

$
0
0


 Brezel er eit must.


 Ny stor stoffbutikk oppdaga eg.... 



 Denne populære blomster og interiørbutikken i  Markthalle  må eg ha med meg når eg er der. Gir mykje inpirasjon og påfyll.




 Masse tid til kos og avslapping med kaffien og stikkepinnane


 Kaffi i venninekoppen passa godt.


 go´e frokoster 


 1/2 liter med cappuchino er ikkje feil heller saman med fritt internett



 Lørdag tok vi toget ut til Esslingen. Finn liten by ca 20 min med tog frå Stuttgart.


 Dei kan det med blomster i Tyskland. Kunne hatt ein slik bukett. 



Takk for fin tur Venche. Eg sette stor pris på at eg fekk vera med.

klem
Lilla dør
Viewing all 1305 articles
Browse latest View live